Lesarinnlegg

Okla vindkraftverk - ein verkebyll for kommunen?

Ber kommunedirektøren kommunestyret abdisere mot folkets vilje?

Soga om Okla vindkraftverk er ein tragedie som neppe vil gå over. Sist eg tok pennen fatt tok eg til orde for å reise ein bautastein på Kyrnosa eller Okla med utsyn mot Selje. På steinen var mitt forslag å meisle inn frå Håvamål: «Med lov skal land byggjast - og ikkje med ulov øydast», skriv Eivind Mauland i dette lesarinnlegget.   Foto: Privat

Nyhende

Kva er det som rir Stad kommune i saka om Okla vindkraftverk? Er det italienske kapitaleigarar som har lagt renneløkke rundt direktørhalsen i Stad kommune eller er det Erna som er redd erstatningssøksmål frå hissige italienarar og trugar med å straffe Stad om ikkje ho fer det som ho vil. Etter at staten har strødd konsesjonar ut langs Norskekysten i grøn vindrus er det tid for oppvask og storreingjering i Det Norske Hus.

Erna er nok redd for ein syndeflod av erstatningssøksmål frå mektige globale kapitalaktørar etter å ha gjeve bort indrefiletar i norsk natur betalt av det norske folk og med lokalsamfunn på kjøpet. Nå må Erna velje å stå ved gåva eller bli saksøkt for å ha gjeve ei gåve ho ikkje hadde betalt for. Rekninga leverer ho utan skruplar til Vestkapp og andre lokalsamfunn.

Erna fer god hjelp av kommunedirektøren i Stad. Kanskje er direktøren ikkje heilt vaken etter vindrusen eller treng brillene vask? Reingjeringsfirmaet bør i så fall ta seg tid til ein stopp i Stad kommune. Kommunedirektøren kan treng å få vaska vekk vindrusen og frykta for statlege makt. Kan hende er det fleire i kommunen som var med på det hemningslause vindkraftblotet betalt av kapitalkreftene?

Nett no er inntrykket at direktøren ikkje ser Vestkapp, eigne innbyggarar eller § 3-3 i plan- og bygningslova. Direktøren orkar ikkje tanken på å ta ansvar korkje for Vestkapp eller væringar. Då er det lettare å overlate gåva til fyrrige italienarar – Forza Italia!

Etter å ha lese kommunedirektørens saksframlegg til handsaming av klager på kommunens dispensasjonsvedtak av anleggsvegen til Okal vindkraftverk er dette inntrykket ein sit att med. Kommunedirektøren finn ikkje grunnlag for å ta nokon av klagane til følje. Det er grunngjeve med at lovgjevar i 2008 sa at kommunen laut gje dispensasjon til vegen så lenge staten hadde gjeve konsesjon til Okla vindkraftverk. Det er det de same kva lova sjølv seier, at lovgjevar i 2008 neppe kunne vita kor vegen skulle gå og at same lovgjevar i 2008 samstundes sa at kommunen hadde mynde til å sei nei. Kommunedirektøren finn beint fram ikkje sakleg grunn til å avslå søknaden. Skal ein få det makeleg i livet så lyt ein læra av Ibsen – «gå utanom sa bøygen».

Soga om Okla vindkraftverk er ein tragedie som neppe vil gå over. Sist eg tok pennen fatt tok eg til orde for å reise ein bautastein på Kyrnosa eller Okla med utsyn mot Selje. På steinen var mitt forslag å meisle inn frå Håvamål: «Med lov skal land byggjast - og ikkje med ulov øydast»!

Den som trur plan- og bygningslova ikkje gjev sakleg grunn til å avslå dispensasjon til ein anleggsveg i eit sårbart naturområde kan ikkje plan- og bygningslova og bør ikkje vera ombod for folket. Det er ikkje energilova kommunen forvaltar. Det er plan- og bygningslova. Etter den lova kan kommunen avslå dispensasjon til alt som er i strid med planføremål og føresegner. Kommunedirektøren har ein heil kortstokk av saklege grunnar å velje mellom. Det usaklege er å fortelje sine ombod for folket at grunnane ikkje finnes. Det er på høg tid kommunedirektøren i Stad seier som sant er. Det er opp til kommunestyre i Stad kommune å vurdere om lovas vilkåra for å gje dispensasjon er stetta. Ser dei som folket har gjeve tillit at folket ikkje vil betala for å bli kvitt Vestkapp til inga nytte, så skal dei i alle høve vete at dei har lova på si side.


Innlegg

Ingen kommer undan politiken

«Ingen kommer undan politiken»….sang Marie Bergman i 1976….  Dei fleste av oss kjenner sangens bodskap; politikk berører oss alle, anten vi vil eller ei! Ordet politikk kjem opphavleg frå det greske ordet polis, som nettopp tyder «det som vedrører vårt felles liv». Men, er det alltid enkelt å få gehør for politisk engasjement?…..



Stad landskap har klaga på vedtaket i Okla-saka

Stad Landskap (SL) har klaga vedtaket i Stad kommunestyre og vedtaket i Utval for Areal og Eigedom til fylkesmannen i Vestland fylke.



Motvind Norge

Varslar søksmål mot åtte vindkraftverk

Organisasjonen Motvind Norge vil gå til søksmål mot åtte vindkraftprosjekt langs heile kysten.



Vurderer rettssak mot Okla-utbygging

Stad Landskap jobbar no for å gå til rettssak mot staten, og eventuelt Stad kommune og utbyggjar av Okla vindpark. Dei meiner at vedtaket som vart fatta i Stad kommunestyre ikkje er fatta på riktig måte.



Innbyggjarinitiativet i Okla-saka

Venstre tapte avrøysting i kommunestyret

Kommunestyret hadde to framlegg å ta stilling til, då kommunestyret handsama innbyggjarinitiativet.



Hans Christian Hansen, leiar i Stad Landskap:

–Når alt blir feil – vert feil oppfatta som rett

– Kvifor søkjer Falck Renewabeles Vind AS om denne dispensasjonen på fritak av regulering no? Reguleringsføresegner gjeld for alle andre i dette landet og er nedfelt i norsk lov.