Fleire tungbilar fekk bruksforbod

Statens vegvesen kontrollerte 32 tungbilar på Kjøs onsdag.

KONTROLL: Det var fleire tungbilar som fekk gebyr og bruksforbod under kontrollen på Kjøs onsdag,  

Nyhende

Statens vegvesen var onsdag på plass på Kjøs der dei kontrollerte tungbilar. Totalt 144 tungbilar var innom kontrollplassen, og 32 vart kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen var ein spesialtransport ikkje merkt tilfredsstillande og måtte stå til dette var på plass. Dette køyretøyet fekk også ein mangellapp for oljelekkasje på fjørsystemet.

Eit køyretøy vart også følgt til verkstad grunna manglar ved bremsene, utslitne bremseklossar stål mot stål. Ein sjåfør måte også få på plass underkøyringshinder.

To sjåførar måtte rydde i frontruta før vidare køyring.

I tillegg vart det gjett ut tre gebyr der to av dei var for utslitne dekk, medan eitt av dei var for manglande bombrikke.