Redningsaksjon ved Via Ferrata Loen

Ifølgje politiet er det igangsett ein redningsaksjon ved Via Ferrata Loen.

Vest politidistrikt leiar og koordinerer ein redningsaksjon i fjellet ved Via Ferrata Loen.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Politiet melde på Twitter rett før klokka 20 at det er sett i gong ein redningsaksjon i fjellet knytt til Via Ferrata Loen. Politiet skal ha fått meldinga laurdag klokka 18:17.

Det skal vere snakk om at tre personar har gått seg skårfast på ei fjellhylle. Ifølgje politiet skal dei vere uskadd og godt kledd.

Frivillige er no på veg fram til dei tre personane. Aksjonen vert leia og koordinert av Vest politidistrikt.

Oppdatering: Dei frivillige er framme hos dei tre personane melde politiet på Twitter. Dei skårfaste skal fryse litt, men skal ikkje vere skadd. Dei frivillige jobbar no med å ta dei ned til trygg grunn.