Eit vogntog hadde knust frontrute

Torsdag hadde Statens vegvesen kontroll på Nordfjordeid.

KONTROLL: Statens vegvesen kontrollerte totalt 32 tungbilar og lettbilar på Nordfjordeid.  

Nyhende

Det var lettbil og tungbil som vart kontrollert då Statens vegvesen hadde kontroll på Nordfjordeid torsdag. Det var totalt 41 tungbilar inne på kontrollplassen, medan 29 vart kontrollert. I tillegg vart totalt tre lettbilar kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen måtte ein sjåfør smørje svingskiva på vogntoget før vidare køyring. I tillegg vart det skrive ut ein kontrollseddel på ein lastebil ettersom denne hadde knust frontrute.