Mi historie

Vann fram etter 16 års kamp

– Det starta med eit tomt kjøleskap, uvilje eller i beste fall i mistyding. Barna vart tatt frå meg og plassert i tre ulike fosterheimar. No – etter 16 års kamp – ligg det føre ein knusande «dom» over måten barnevernet i Samnanger kommune har gått fram på.

Reinvaska: Edvin Bolstad har kjempa i 16 år for å reinvaske namnet sitt. No har han fått oppreising etter ein knusande rapport mot barnevernet i Samnanger kommune. – Etter at Samnanger kommune fekk ny ordførar og rådmann vart det sett i gong ei grundig gransking av barnevernet i Samnanger kommune. 15. april i år låg granskingsrapporten føre. Den er knusande for kommunen, seier Edvin til Fjordabladet. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Eg har budd på Nordfjordeid dei siste 12 åra. Mange kjenner meg, og endå fleire veit truleg kven eg er – utan at dei kjenner meg eller mi historie. Det eg ønskjer, er å fortelje mi historie slik at lokalsamfunnet eg bur i skal få vite kven eg er, og kva eg har vore gjennom, seier Edvin Bolstad til Fjordabladet.