Sommaren er her!

Melina Sofie Tisthamar Araneda (4) og Ella Nesbakk Kjørstad(3) liker å turne og var av dei som kosa seg i Sagaparken i dag.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Etter ein lang periode med regn og kulde er vi no inne i ei pinsehelg der temperaturmålaren viser over 20 gradar i lufta.

I Sagaparken på Nordfjordeid var det i dag bra med liv, og dei aller tøffaste er allereie godt i gang med badesesongen.

Det ser ut til å bli fint vêr gjennom heile helga, så det er berre å leite fram solkrem, hengekøyer, syklar, grill og det ein elles måtte ha av sommarutstyr.