Sagastad

Har opna dørene for ny sesong

I dag opna Sagastad dørene og let solstrålane kome inn også gjennom dei store portane på sjøsida. For å markere opninga var det pynta med flagg, og der var opptog med fjordhestar på plass for å skape ekstra god stemning.

FINT FOR BARN: I det fine vêret var det meir folk ute i Sagaparken enn inne i Sagastad, men dei som var der var godt fornøgde. Her er det Håvard Nyhus og Johanne Viken Sandnes som saman med borna utforskar vikingskipet og slår av ein prat med dagleg leiar Eli Førde Aarskog.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

‒ Det var nesten slik at ein fekk klump i halsen, litt 17. maistemning, seier dagleg leiar Eli Førde Aarskog.