Drama på Bryggja

Bil og båt hamna i sjøen

  Foto: Gunnar Totland Olsen

Redningsmannskap og dykkarar kom til plassen og gjekk i gang med å få båt, bil og hengar på land.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Her er skutaren oppe av sjøen (til venstre) og det vert jobba med å få opp hengaren.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Redningsmannskapa har fått hengar og skutar opp på tørt land.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

No er også bilen på tørt land.  Foto: Jonny Svoren

Nyhende

I titida i føremiddag skulle ein mann sjøsette ein sjøskutar ved vegvesenkaia på Bryggja. Det gjekk ikkje så bra. Han hadde farkosten på ein hengar som han rygga utover med på sjøsettingsplassen.

Under sjøsettinga gjekk bilføraren ut av bilen for å sjekke stoda. Då gleid både hengar med skutaren på og bil ut i vatnet og hamna på ti meters djup.

Til all lukke sat ikkje mannen i bilen då bil og hengar hamna i sjøen. Han såg på frå sidelinja at bil og båt forsvann i djupet.

Redningsmannskap og dykkarar kom til plassen og gjekk i gang med å få båt, bil og hengar på land.