Skal dele ut 7,2 millionar til kulturlivet i Vestland

(NPK): Vestland fylke lyser ut 7,2 millionar i kulturelt utviklingsprogram. Tilskotsordninga skal i år prioritere prosjekt med tilknyting til konsekvensane av koronapandemien.

TILSKOT: Vestland fylke skal dele ut 7,2 millionar kroner i kulturelt utviklingsprogram. Bildet er frå stadion på Stadlandet.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

No kan kulturlivet i heile Vestland søkje om midlar frå kulturelt utviklingsprogram.

Kulturelt utviklingsprogram har vore ei populær og viktig ordning for det profesjonelle kulturlivet i Hordaland sidan 2010. No blir tilskotsordninga vidareført i Vestland, skriv fylket på sine nettsider.

Hovudutvalet for kultur, idrett og integrering har bestemt at tildelinga i år spesielt skal prioritere utfordringar som følgje av koronapandemien.

– Vi ser at koronapandemien får svært store konsekvensar for kulturlivet i fylket vårt, og vi vil difor bruke dei verkemidla vi har for å vere med å bøte på dette. I kulturelt utviklingsprogram har vi 7,2 millionar kroner til rådigheit, og her kan vi støtte større og mindre prosjekt som frontar nyskapande aktivitet og formidling. Vi ønskjer også å hjelpe aktørar som får store utfordringar som følgje av pandemien, seier hovudutvalsleiar Stian Davies.