SFE i vekst og investerer meir enn nokon gong

Medan korona-viruset har lagt ein dempar på samfunnet, søkjer Sogn og Fjordane Energi (SFE) etter fleire tilsette.

HENNEBYGDA: Montørane frå Eid med trafoombygging i Hennebygda. På biletet: Torbjørn Jacobsen, Kjetil Remme, Rune Midthjell, Kjell Folkestad og Even Starheimsvik.  Foto: SFE

Nyhende

- I ei tid der arbeidsløysa er stigande og ikkje alt i samfunnet er like optimistisk, er det flott å vere i den situasjonen at vi treng fleire folk, seier kommunikasjonssjef i SFE Jannicke Lindvik i følgje ei pressemelding.