Sendt ut gult og oransje varsel

No er det venta kraftige vindkast

Det er sendt ut gult varsel for kraftig vind på Vestlandet fredag, og oransje varsel for snøskred.

Fredag er det venta kraftig vind på Vestlandet og betydeleg snøskredfare.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Fredag ettermiddag og kveld er det venta søraustleg vind med lokalt kraftige vindkast på rundt 25 til 28 meter i sekundet i indre fjordstrøk, ifølgje Yr. Det er også venta kraftig vind i fjellet. I ytre strøk er det derimot venta mindre vind.