Nordfjordeid, Selje, Måløy og Florø

Hylla innsatsen til ambulansearbeidarane

For å hylle kvardagsheltane og vise at ambulansearbeidarane på Nordfjordeid, Selje, Måløy og Florø gjer ein viktig innsats i ei vanskeleg tid, kom LocalHost og Net Partner med gåver.

GLEDE: LocalHost og dotterselskapet Net Partner har denne veka reist rundt til Nordfjordeid, Selje, Måløy og Florø for å glede ambulansearbeidarane med gåver. Frå venstre: Erlend Svoren (Net Partner), Lars Arve Vangberg (LocalHost), Irene Leirvik Vinsrygg (Ambulansane), ordførar Alfred Bjørlo, Jarle Iversen (Ambulansane), Bjørn Roger Hennøen (Net Partner).   Foto: privat

Vi set pris på dyktige og viktige helsearbeidar.

Stig Ødegård
Nyhende

Denne veka har LocalHost og Net Partner reist rundt og gleda ambulansearbeidarane på Nordfjordeid, Selje, Måløy og Florø med gåver. Årsaka er innsatsen og arbeidet under koronaviruset dei siste månadane.