Til no er 50 smitta av korona i Sogn og Fjordane- no blir fleire testa

50 har til no fått påvist koronasmitte i gamle Sogn og Fjordane fylke. No blir fleire testa.

EIN INNLAGT: Helse Førde har ein pasient som er innlagt på grunn av korona.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Helse Førde stadfestar torsdag morgon at det er 50 som har fått påvist koronasmitte i deira områda. Ingen nye siste døgn, medan 87 prøver har vorte analyserte.