Tre personar til sjukehus etter frontkollisjon

Det har skjedd ein kollisjon mellom to personbilar på riksveg 15 mellom Kjøs og Stryn onsdag ettermiddag. Tre personar er no sendt til sjukehus på Haukeland og til Førde.

Ifølgje politiet har det onsdag vore ei trafikkulukke mellom Kjøs og Stryn.   Foto: Arkiv

Nyhende

Vegtrafikksentralen meldte om trafikkulykka onsdag klokka 15.09.

Det skal vere snakk om ei front mot front ulukke ved Sindre i Stryn kommune.

Naudetatane er på staden, og vegen er stengt.


Oppdatering 1:

Vegen er stengt, og naudetatar jobbar framleis på staden, opplyser politiet.

Tre pasientar er involvert i ulykka. To ambulansehelikopter har vore på staden. Ein pasient er sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus, ein pasient er flydd til Førde sentralsjukehus, og ein pasient vert køyrd i ambulanse til Førde.

Oppdatering 2:

Vegen er opna, og naudetatane har avslutta på ulykkesstaden, opplyser politiet.