Han viser til at koronapandemien råkar næringslivet hardt, og det er trong for at staten set i gang med investeringar som kan halde hjula i samfunnet i gang.
- Stad Skipstunnel er eit prosjekt som raskt kan startast opp. Dersom Stortinget løyver pengar no i vår, kan det framskunde oppstarten med eit halvt år sidan ein slepp å vente til statsbudsjettet skal handsamast i haust. Prosjektet vil skape store ringverknader i anleggsperioden, og bidra til å halde folk i arbeid i ei krevjande tid framover, påpeikar fylkesleiaren.
Han meiner det er ingen grunn til å vente med å sette i gang.
- Dette må vere det prosjektet som er best utgreia og kvalitetssikra i landet. Her vil samfunnet få mykje att for pengane både under bygginga, og når Stad skipstunnel står ferdig. No har alle partia som har lova bygging av Stad Skipstunnel sjansen til å innfri lovnadane sine, og sette i gang med den mest framtidsretta investeringa for kystnasjonen Noreg nokosinne, seier Reksnes.