Opnar for meir barneidrett frå 15. juni

Regjeringa opnar for meir normal idrettsaktivitet for barn og ungdom i løpet av juni.

BARNEIDRETT: Regjeringa opnar for meir nornal idrettsaktivitet for barn og ungdom frå 15. juni. Fleire idrettar vil kunne kome i gang før sommeren.   Foto: Eirik Førde/Norges idrettsforbund

Nyhende

- Dette er ein gledeleg dag og ein ny milepæl for den gradvise og kontrollerte gjenopninga av barne- og ungdomsidretten i Norge. Eg opplever at kulturminister Abid Raja og norsk idrett har eit felles mål om å kome i gang med barne- og ungdomsidretten så snart dette er mogleg, seier idrettspresident Berit Kjøll i ei pressemelding.