Køyrde med 500 kilo overlast

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru tysdag. Ein sjåfør hadde 500 kilo overlast på køyretøyet sitt, og måtte laste av før vidare køyring.

Ein sjåfør måtte fjerne gjenstandar i frontruta før han fekk køyre vidare.

I tillegg vart 14 køyretøy kontrollerte for vekt utan at nokon av desse hadde meir last enn det som var tillate.

Til saman var det 107 tungbilar over kontrollplassen på Kjøs, 13 av dei vart kontrollerte, i tillegg til fire lette bilar.