Stoppar massiv sentralisering

Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti Sigurd Reksnes er veldig glad for at framlegga om sentralisering av jordskifterettane no ser ut til å bli stansa.

Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti Sigurd Reksnes er godt nøgd med at Senterpartiet får fleirtal saman med dei andre opposisjonspartia på Stortinget for sitt krav om å stanse regjeringa sitt forslag til massiv samanslåing av tingrettane og jordskifterettane. I dag feira han saman med Nordfjord jordskifterett.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

«Vi ber regjeringen om ikke å gjennomføre de planlagte strukturendringene mot stortingsflertallets vilje», skriv dei fire partia i ei felles erklæring.

‒ Ut frå regjeringa sitt høyringsforslag er temaet om jordskifterettane noko vagt, men det er grunn til å tru at regjeringa ville følgt domstolkommisjonen sitt framlegg om struktur også her. Dette ville i så fall medført storstilt sentralisering av jordskifterettane og at jordskifterettane i Nordfjord og Sogn hadde blitt sentralisert. Noko som igjen ville ført til færre kompetansearbeidsplassar i Nordfjord og Sogn, og lenger reiseveg for innbyggarane. Jordskifterettane held på med fast eigedom, og er avhengige av å ligge i nærleiken av der eigedomane ligg. Det vert jobba mykje ute i felt. Eigedom finst over heile landet, og strukturen bør være desentralisert, poengterer Reksnes.

Han peikar på at det er svært viktig at det vert sendt inn gode høyringssvar frå kommunane og fylka framover.

‒ Domstolskommisjonen sin andre delrapport kjem til hausten og ein må halde fram med å peike på kor viktig det er med gode og tilgjengelege domstolar i heile landet, understrekar fylkesleiaren i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes.


Opposisjonen vil blokkere domstolsreform

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og SV har bestemt seg for å seie nei til regjeringsforslaget om å redusere talet på rettskretsar i Noreg.