Nysnø og temperaturauke:

No er det fare for snøskred

Det er oransje varsel og betydeleg fare for snøskred i Indre Fjordane både tysdag og onsdag.

Det er sendt ut oransje varsel for snøskred i Indre Fjordane grunna sol, temperaturauke og store mengder snø.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Etter ein periode med snø og kulde i mai, er det no venta at temperaturen skal stige i Nordfjord. Ifølgje Yr vil temperaturen dei komande dagane ligge på mellom 12 til 20 grader. Det er også venta mindre nedbør enn det har vore den siste tida. Til helga ser det derimot ut til at nedbøren kjem, og temperaturane vil truleg ligge på rundt 11 til 14 grader.