I år får norske fiskarar villaksen for seg sjølv

I år blir det godt om plassen når om lag ti tusen lakseglade utlendingar truleg må stå over norgesreisen.

OLDEN: I år blir det godt om plassen når om lag ti tusen lakseglade utlendingar truleg må stå over norgesreisen.   Foto: Hans Kristian Krogh-Hanssen/Norske lakseelver

Nyhende

Vanlegvis kan du høyre ville jubelrop frå svenskar, danskar, finnar, tyskerar og engelskmenn i norske lakseelvar om sommaren. Opninga av fiskesesongen etter villaks er sjølve stadfestinga på at sommaren har starta «på ordentleg» rundt om i våre om lag 450 lakseelvar. Den magiske datoen er 1. juni, men nokre elvar opna allereie 15.mai. I Drammenselva, Numedalslågen og Bjøra (sideelv til Namsen) er dei første laksane alleereie dratt på land av hustrige fiskarar, opplyser Norske Lakseelver i ei pressemelding.