Halvering av inntekter frå hytteutleige

Fullbooka, men stille kring hyttene

Geir-Johnny Rye har fullbooka utleigehytter av utanlandske turistar i Selje, men ingen kjem på grunn av stengde landegrenser.

Med nitti prosent av gjestene frå utlandet, kan det gå mot ein dramatisk dårleg sesong for Grendabu hytteutleige på Rundereim i Selje. Geir-Johnny Rye hadde fulltinga booking, men no kan det bli langt mellom hovudgruppa av turistar frå Tyskland.   Foto: Privat

Nyhende

Geir-Johnny Rye hadde tidleg i sesongen fulltinga for dei to utleigehyttene som han har på Rundereim i Selje. Grendabu hytteutleige ligg nær sjøen, med utsikt mot Barmøya, og har vore gjennom mange år god lokkemat for utanlandske turistar. Dei er tidleg ute med å tinge plass for å oppleve den norske kystkulturen.