Kommunalt vatn til Heggjabygda

Arbeidet med ny vassforsyning er godt i gang

I god tid før jul skal også innbyggjarane i Heggjabygda få drikke av Hornindalsvatnet. – Vi er godt i gang. Dette blir bra, seier Lars Helge Kveen i Kveen AS om arbeidet med tilknyting til det kommunale vassverket.

ER GODT I GANG: Arbeidet med å få på plass kommunalt vatn til innbyggjarane i Heggjabygda er godt i gang. Frå venstre: Sigurd Berge, Kari Rovde, Lars Helge Kveen, Adrian Nesje (fremst) og prosjektleiar i Stad kommune, Einar Hessevik. Foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Stad kommune skal ta over private Heggjabygda vassverk, som skal knytast til det kommunale vassbehandlingsanlegget på Nor. Derifrå skal det leggjast vassleidning langs botnen på Hornindalsvatnet, med ilandstiging på Flatene.