Berre ein koronapasient i Helse Førde

  Foto: Arkiv

Nyhende

Oppdatert informasjon frå Helse Førde om koronasmitte 17. mai klokka 22.10 er 0 nye registrerte siste døgn, 12 prøver er analyserte. Status til no er at det er stadfesta 50 tilfelle av COVID-19 i Helse Førde sitt område og at det no berre er ein innlagd pasient med stadfesta COVID-19 smitte. Det er ingen innlagde pasientar til intensivbehandling. Heimeverande og sjukmelde tilsette på grunn av korona er 2 av om lag 3000 tilsette i Helse Førde.

Også i Helse Møre og Romsdal er det lite registrert smitte. Søndag 17.05.20 melder dei at talet på innlagde pasientar med koronavirus er 1, og at talet på tilsette i helseføretaket i karantene/heime som følgje av koronavirus er 32.