Litt støy og ordensforstyrringa natt til 17. mai

Natt til 17. mai har stort sett gått roleg føre seg, men nokre ordensforstyrrelsar har det vore. 

Vest Politidistrikt melder om eit tjuetals ordensforstyrringar natt til 17. mai.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Vest Politidistrikt melder at det natt til 17. mai vart loggført rundt 20 meldingar som omhandla støy/forstyrringar av natteroa. Dei feste som tok kontakt med politiet melde om festbråk og samlingar av rusa personar. Politiet melder at dei rykte ut til på dei feste meldingane, som vart løyst med pålegg om bortvising. Meldingane er jamt fordelt over heile politidistriktet.

Igjen måtte overnatte i drukkenskapsarresten melder Politiet på twitter.

Utfor vegen

På Ålhus i Sunnfjord kommune, tidlegare Jølster, måtte politi og naudetatar rykke ut til ei bilulykke. Ein bil hadde køyrt av vegen. Føraren, som var åleine i bilen, vart tatt hand om av helsepersonell. Ulykka vart meld klokka 05:26. Det skal ha vore glatt og dårleg føre på staden utforkøyringa fann stad.