17. mai på Nordfjordeid

Barnetog utan skuleborn

Aldri nokon gong, når det har gått barnetog 17. mai på Nordfjordeid har det vore færre skuleborn.
Nyhende

Det5 var langt på veg ei surrealistisk oppleving å køyre gjennom sentrum av Nordfjordeid ein liten halvtime før barnetoget skujlle gå frå Almenningen, opp Råhusvegen, inn i Fossevvegen og spele for dei eldre på Hogatunet og Fossebakken bufellesskap. Det var rett og slett nesten folketomt, bortsett frå Eid Musikklag, Nordfjoreid Skulemusikk, ein fyldig drilltropp frå skulemusikken på Nordfjordeid og falggborga., som stilte opp for avmarsj på Almenningen.

Men trass i dårleg vêr med regn og nokre få plussgrader hadde ein del mindre grupper av folk stilt seg opp langs ruta for å møte toget. Bileta i denne serien talar for seg sjølv.