Bryggja: Tale og biletserie

─ Eg er optimist på Bryggja sine vegne

– På kartet har ikkje Bryggja flytta seg ein meter som følgje av kommunereforma – men mentalt trur eg spranget er stort. Eg er optimist på Bryggja sine vegne – og vonar vi skal byggje eit endå tettare fellesskap i heile Stad kommune i åra framover.
Nyhende

Det sa Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad, då han heldt tale på Bryggja på nasjonaldagen.

«Gratulerer med den aller fyrste 17. mai i Stad kommune – ein dag som vil gå inn i historiebøkene som 17. maien i koronaens år.

Det er ein spesiell 17. mai. Men det ER 17. mai. Det er grunnlovsdagen vår – ein dag vi skal feire og gle oss over. Og vere stolte over landet vårt og historia vår.

Vi har dei siste månadene verkeleg sett kor viktig det er å stå samla som nasjon – og som lokalsamfunn - når ei uventa krise kjem. Vi har stilt opp for kvarandre i koronakrisa.

Og no kan vi hauste fruktene. Vi kan opne samfunnet igjen, steg for steg. Ikkje tidsnok til å feire ein vanleg 17. mai. Men vi er på veg. På veg attende til eit normalt liv.

Og er det noko koronakrisa har lært oss, så er det kor viktige dei små og store fellesskapa i samfunnet er. «Saman er ein mindre aleine», heiter det i ei bok av forfattaren Anna Gavalda. Dei siste månadene har vi ikkje kunna vere saman som vanleg. Vi har vore meir åleine.

Det går for ei tid. Men i lengda har vi ikkje godt av det. Vi treng fellesskapa. Dei store, og dei små. I vonde dagar – og i gode, slik som i dag.

Då vi starta arbeidet med å lage nye Stad kommune i 2018, kom vi fram til éi samlande setning som vi tok kvarandre i handa på og lovde skulle ligge til grunn for den nye kommunen. Den er som følgjer: «Stad skal vere eit livskraftig og trygt lokalsamfunn der alle dreg i lag».

Livskraftig – ein stad i vekst, der det skjer noko, er liv og røre, og folk ynskjer å kome til for å bu, besøke eller drive næring.

Trygt – ein stad som tek vare på deg når du treng det, ein stad du er trygg på at ungane har gode barnehagar og skular, og at dei som treng hjelp og omsorg får det.

Men mest av alt: «Der alle dreg i lag». Det handlar ikkje berre om «kommunen». Det handlar om heile lokalsamfunnet si evne til å skape og arbeide i lag. Om sterke fellesskap – på tvers av det offentlege, privat næringsliv, bygdelag og frivilligheit. Om folk som stiller opp for kvarandre.

Det er den berande visjonen for mitt virke som ordførar. Vi må klare å skape i lag – i kvar bygd, i Stad, i Nordfjord – og i Noreg som nasjon. Det er berre saman vi kan møte framtida.

Så må eg få lov å seie at eg er glad for at det til slutt enda med at Bryggja vart ein del av vår nye kommune. Både fordi det var så tydeleg at folk her i bygda ønskte det – og fordi Bryggja høyrer naturleg med i det langstrekte fellesskapet Stad kommune utgjer.

Men også av ein annan grunn. Heilt sidan eg flytta heim att til Nordfjord i 2007 og starta å arbeide med næringsutvikling, seinare politikk, har eg synst det har vore merkeleg at det har vore så «treigt» å få til vekst og utvikling på Bryggja.

Det er ei bygd som ligg ganske sentralt og greitt til med overkomeleg pendleavstand i mange retningar – som har dei fleste funksjonar ein treng i kvardagen – og god plass til fleire utan å vere «stengt inne» av hav og fjell.

Men det har vore eitt eller anna som har stått i vegen – ikkje «fysisk», men truleg mest mentalt.

No, frå nyttår 2020, ligg Bryggja i ein annan kommune. Ikkje i ein utkant av kommunen, men midt i.

Eg har tru på at vi no skal få tatt ut potensialet for vekst og utvikling på Bryggja. Mykje positivt er allereie i ferd med å skje. Ei fantastisk spennande, stor ny næringsetablering på Kalneset. Eit stort leilegheitsprosjekt nede ved fjorden er lagt ut for sal, som eg håpar og trur vil lokke mange. Stadige rapportar om tilflytting og optimisme – og om kort tid oppstart av arbeid med nytt kommunalt tomtefelt i bygda.

På kartet har ikkje Bryggja flytta seg ein meter som følgje av kommunereforma – men mentalt trur eg spranget er stort. Eg er optimist på Bryggja sine vegne – og vonar vi skal byggje eit endå tettare fellesskap i heile Stad kommune i åra framover.

Når eg så står her i dag, på Bryggja 17. mai 2020, vil eg også gjerne nytte høvet til å takke alle dei som har stått på ekstra den siste tida for å få oss gjennom virusepidemien som har stengt ned landet vårt og tatt titusenvis av liv verda over.

Takk til alle som arbeider i helsevesenet. Takk til lærarane som har «hivd seg rundt» og omstilt seg til ein ny kvardag med heimeundervisning. Takk til bønder og fiskarar, butikktilsette og alle som har stått i dagleg arbeid som vanleg med å få mat og andre livsviktige varer fram, og ikkje kan søke tilflukt på eit heimekontor.

Ein varm tanke til alle som driv eiga bedrift – og har opplevd søvnlause netter med å sjå livsverket sitt truga med konkurs, permitteringar og ei utrygg framtid.

Og aller mest: Uendeleg varme tankar til dei mellom oss som bur på eit eldresenter eller omsorgssenter og no i over to månader har måtta leve avstengt frå familie og andre besøkande – med ein sjukdom laus som vi veit råkar ekstra hardt dei med dårlegast helse frå før.

Eg skulle inderleg gjerne seie at no opnar vi berre dørene att og lar alt vere som før.

Så enkelt er det ikkje. Men vi kjem dit. Vi er på veg. Vi skal ta kvardagen tilbake.

Og så trur eg – midt oppe i denne heilt spesielle krisa - at mange dei siste vekene har fått oppleve kva kvalitetar det å bu på ein stad som vår faktisk har.

Vi har vore heldige. Vi bur på ein plass med albogerom, utan kø og trengsel, med moglegheit å kome seg ut av huset og ut i naturen sjølv i dei strengaste karantenetider – men samtidig fullt på høgd med dei største byane i alt som høyrer eit moderne liv til.

Koronakrisa har også gjort samfunnet meir digitalt. Det er det vi i distrikta som tener mest på. Det blir stadig lettare å bu i verdas vakraste natur, i gode fellesskap i eit moderne lokalsamfunn – og ha like store høve til eit spennande og variert arbeidsliv som dei største byane.

Det er berre éin grunn til at eg ikkje no etter dei siste vekene pakkar sekken og flyttar til Nordfjord og Stad kommune: Eg bur her allereie. Og det er eigentleg den einaste gode grunnen til å la vere..

Ein av mine store kjepphestar som ordførar er at det vi driv med på lokal-planet, ikkje er noko «mindreverdig» eller mindre viktig enn politikk på det nasjonale planet. Det er meiningsfullt og viktig i seg sjølv – og kan på sitt beste endre landet og verda.

I alle dei store samfunnsendringane som no står føre oss – klimakrisa, grøn omstilling av økonomien, eldrebølgja, urbaniseringa, beredskap mot pandemi og ekstremvêr – må dei gode svara finnast lokalt. Endringar må skje nedanfrå.

Og er det éin ting vi kan lære av historia, så er det at eit samfunn heile tida er i endring. Heile tida slik at det vi i dag er stolte av og hegnar om - klesskikkar, bygningsskikkar, mattradisjonar - alltid ein gong har vore nytt.

Slik var det i 1814, og slik er det enno. Skal Bryggja, skal Stad, skal Noreg vere gode stader å bu også i framtida, så må endringane halde fram. Vi må gjere det folk har gjort i 200 år for å bli landet vi er i dag: Sjå framover og bruke krafta som bur i folk til å skape noko nytt og betre.

Det gjorde Eidsvollsmennene. Det er den evna, den krafta, vi feirar på 17. mai. Og at vi heile tida har hatt med oss ei grunnlov som plattform for å utvikle samfunnet.

Kjære alle saman - ver stolte og glade over landet dykkar. Over historia, notida og framtida. Over staden de bur på.

Vi skal snart møtes igjen – og halde fram det evige arbeidet med å skape eit betre samfunn. Inntil då: Ta vare på kvarandre – og gratulerer med 17. mai», sa Alfred Bjørlo.


Biletserie

17. mai 2020 på Stadlandet

Nasjonaldagen på Stadlandet starta med flaggheising på offetlege bygg og i mange hagar.



Biletserie

17. mai 2020 i Selje

Heller ikkje i Selje sette vêret nokon stoppar for nasjonaldagsfeiringa.



17. mai på Nordfjordeid

Barnetog utan skuleborn

Aldri nokon gong, når det har gått barnetog 17. mai på Nordfjordeid har det vore færre skuleborn.



Nordfjordeid

Folketoget erstatta av bilkortesje

På grunn av smittevernrestriksjonane vart årets tardisjonelle folketog på Nordfjordeid erstatta av bilkortesje.



17. mai på Nordfjordeid

Barnetog utan skuleborn

Aldri nokon gong, når det har gått barnetog 17. mai på Nordfjordeid har det vore færre skuleborn.



Dette er eit opptak

Skuleelevar med tale til Kongen

I Eid har det vore tradisjon i mange år der skuleelevar held tale til kongen.



Dette er eit opptak

-Grunnlova ligg i ryggen vår

Det er Ståle Sandal sin bodskap til barn og ungdom i talen for dei på nasjonaldagen.



Dette er eit opptak

Tale for dagen ved Magni Hjertenes Flyum

Magni Hjertenes Flum held tale for dagen på Nordfjordeid.



Dette er eit opptak

Helsing frå Stadlandet på nasjonaldagen

Vestkapp er det vestlegaste punktet i Norge. Stadlandet er den vestlegaste del av den nye kommunen Stad.



Dette er eit opptak

-Eg kunne ikkje seie nei til å vere med på noko så historisk

Det seier Mona Austring i denne talen som er ein tale til folk i Selje på Nasjonaldagen.



Dette er eit opptak

17. mai-gudsteneste frå Totland kyrkje

Gudstenesta på Nasjonaldagen får vi frå Totland Kyrkje på Bryggja.



Dette er eit opptak

Bryggja skulekorps først ut

Sjølv om Eid Musiklag alleire har vekt folk på Nordfjordeid med sin revelje klokka sju, kan vi melde at Bryggja skulekorps er det første skulekorpset som bles nasjonaldagsfeiringa i gang.



Dette er eit opptak

Ei annleis tid - ein annleis nasjonaldag

Siri Sandvik sin tale som eigentleg skulle vore på Stårheim.