Viktig milepåle i lagringsprosjektet for CO2

Olje- og energidepartementet har mottatt og starta behandlinga av utbyggingsplanen for CO2-lagringsprosjektet Northern Lights.

Illustrasjon av Northern Lights / northernlightsccs.com 

Nyhende

Northern Lights-prosjektet er transport- og lagringsdelen av det norske demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-fangst og lagring. Northern Lights er eit partnarskap mellom Equinor, Shell og Total.

- Fangst og lagring av CO2 er viktig for å nå måla i Paris-avtalen. At utbyggingsplanen er levert inn er et nødvendig skritt vidare for å få realisert eit fullskala anlegg for CO2-fangst og lagring i Norge. Anlegget vil også kunne tilby lagring av CO2 frå andre land. Northern Lights er eit eksempel på at kompetansen og erfaringa vi har bygd opp i olje- og gassnæringen brukast i utviklinga av ny teknologi og nye løysningar som sikrar berekraftig bruk av energi. Hywind Tampen som nettopp blei godkjent av myndigheitene er eit annet slikt eksempel, seier olje- og energiminister Tina Bru i ei pressemelding.

Selskapa som står bak Northern Lights anslår at den første delen av prosjektet har ein investeringskostnad på om lag 6,9 milliardar kroner.

Utbyggingsplanen er historisk

Det er den første utbyggingsplanen etter lagringsforskriftene. Dersom staten fattar investeringsbeslutning for demonstrasjonsprosjektet skal Northern Lights ta imot CO2 på skip ved eit mottaksanlegg på land i Øygarden kommune. Der skal CO2 mellomlagrast før den blir pumpa gjennom ein røyrleidning til en injeksjonsbrønn på havbotnen. Frå brønnen vil CO2 bli permanent lagra i Johansen- og Cookformasjonen om lag 2660 meter under havnivå i Nordsjøen.

Skal no behandle utbyggingsplanen

Departementet skal no behandle utbyggingsplanen i samarbeid med berørte departementet og underliggande etatar. Behandlinga vil inngå som ein del av beslutningsgrunnlaget for det norske demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-fangst og lagring. Det omfattar i tillegg til transport og lagring fangst av CO2 ved Fortum Oslo Varmes energigjenvinningsanlegg på Klemetsrud og/eller frå Norcems sementfabrikk i Brevik. Statens investeringsbeslutning skal etter planen fattast i år. Departementet vil ved investeringsbeslutningen legge frem kostnadsanslag for heile CO2-fangst- og lagringsprosjektet.

- Behandlinga av utbyggingsplanen vil bidra til å gje Regjeringa eit godt beslutningsgrunnlag når den skal vurdere gjennomføring av det norske demonstrasjonsprosjektet for fullskala CO2-fangst og lagring. Dette skal etter planen skje i samband med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021, seier Bru.

Selskapa avslutta tidlegare i år båringa av ein brønn som stadfesta at den planlagde lagringsstaden har dei eigenskapane som skal til for varig lagring av CO2. Den same brønnen er også planlagt brukt til injeksjon av CO2.

Bakgrunn

Forskriftene for CO2-lagring på norsk sokkel trådde i kraft i desember 2014. Den første tillatelsen til injeksjon og lagring av CO2 på norsk sokkel etter lagringsforskrifta, utnyttingsløyve 001, ble tildelt Equinor av Kongen i statsråd 11. januar 2019. Tillatelsen ligger sørvest for Trollfeltet og aust for Osebergfeltet i den nordlege delen av Nordsjøen.

Det er selskapa Equinor, Norske Shell og Total E&P Norge som står bak Northern Lights. Det er lagt opp til ei trinnvis utbygging av prosjektet, der fase éin er planlagt med ein kapasitet til å lagre 1,5 millionar tonn CO2 per år. Anlegga blir planlagde ferdige rundt årsskiftet 2023/2024, og vil ha ein planlagt driftsperiode på 25 år. Lagringskapasiteten for fase éin er på litt under 40 millionar tonn CO2.

Ein eventuell fase to av utbygginga vil auke kapasiteten i form av fleire lagertanker, auka pumpekapasitet, nytt kaianlegg og fleire injeksjonsbrønnar. Røyrleidningen kan handtere auka kapasitet på mottaksanlegget ettersom den er planlagt med ein kapasitet på om lag fem millionar tonn CO2 per år allereie frå oppstart. Skal fase to bli realisert er prosjektet blant anna avhengig av kontraktsfesta tilgang på CO2 for geologisk lagring og tilstrekkeleg lagerkapasitet i reservoaret. Erfaring med drift av anlegget i fase éin vil være avgjerande for å vite kor mykje CO2 som kan lagrast i reservoaret.