Lesarinnlegg

Kulturarven på Stadthalvøya

Det er utilgjeveleg, at styremaktene tenkjer å ofre ein slik natur- og kulturarv i Noreg; både kunnskap- og historielaust – og eit stort tap for framtidige generasjonar.

Illustrasjonsfoto  Foto: Stig Hjelmealnd

Nyhende

Eit gamalt segn fortel at Olav den heilage ein gong fekk vatnet til å stige, slik at han kunne sigle over Dragseidet på Stadlandet, og slik sleppe bort frå blodtørstige fiendar som var etter han. Olav var ein mektig mann, men nett dette må nok trekkjast i tvil. Men, det fortel mykje om kor farleg Stadhavet har blitt opplevd, gjennom alle tider. Namnet Dragseidet stammar frå at sjøfarande i styggever nettopp drog båtane sine over eidet langs den gamle ferdavegen. I Heimskringla, av Snorre Sturlason, kan vi lese at det var her Olav Tryggvason kristna fire fylkjer i 997. Eit steinkross er reist som minnemerkje. Folket fekk valet mellom å late seg døype, eller halde slag. Og – dei valte det fyrste.

Her finn du også kommentarane til innlegget

Det kan seiast mykje om dei store natur og landskapsverdiane i det utbyggingstrua området for «Okla» og på Stadhalvøya i heilskap. Vi kan tale om alle dei artane som er i fare for å døy ut, om verna naturreservat og vassdrag, verneverdige naturtypar og om øydelegging av fugl sitt overvintrings- og trekkområde. Men i tillegg kan vi også tale om Stadthalvøya si særprega historie. Om kulturminna og den rikhaldige kulturhistoria, som kan dokumenterast heilt attende til Bronsealderen, som døme Helleristningane på Drage. Den vesle halvøya, forma som ein traust knyttneve ut mot storhavet, har lege der urørt i tusenar av år - i storm og i stille, og innehar ein sjelsetjande porsjon Noregshistorie, sagn og minner på både godt og vondt.

Kor mange skipsvrak som ligg på havdjupet utanfor eit av Noregs mest vêrharde sjøstykke, er uvisst. Ei rekke gjenstandar som truleg stammar frå skipsforlis, er funne i Erviksanden. I tårnet på kapellet i Ervik heng skipsklokka frå St. Svithun, som vitnar om hurtigruteskipet som vart bomba av britiske fly og forliste utanfor Hovden i 1943. Folk i Ervik utførte eit imponerande bergingsarbeid, og kapellet vart reist som ei gåve for stort heltemot. Ei trosse over til Kobbholmen berga mange liv, før båten vart overtent. Ervik har ei rik historie å fortelje. Soga om Lodin frå Ervik og kona hans, Gyda, er rikt skildra i ei islandsk handskrift frå ca. 1390. Dei var med på å skape Noregshistorie på slutten av 900-talet.

Bygdene ytst på Stadt har ei sterk kulturhistorie knytt til Stadhavet som næraste nabo. Folket måtte leve med uvissa i kvardagen; havet gav og havet tok. Det gjorde folket sterke, men også audmjuke for livets lunefullheit. Fiske, var saman med dei små jordlappane, den viktigaste næringsvegen. Fjellområdet på Stadplatået, vart eit viktig knytepunkt – der stiar enno viser den store ferdselen som var mellom bygdene. Fjellområdet var og er også eit tydingsfullt næringsgrunnlag som tilhald og beiteområde for buskap. Terrenget er lett tilgjengeleg, ope og skoglaust, variert mellom grasmark, myr og lyng. Stadlandet liknar vesterhavsøyane – med fjellplatå med bratte klipper mot havet, knallgrøne lågland, heiar og myrar. Artsrike slåttemarker, naturbeitemarker og store område med kystlynghei.

Losane hadde ei viktig rolle, sidan det i tida før 1870 ikkje var ei einaste fyrlykt mellom Kinn og Runde. Historia fortel at losane på Stad nytta lyden på dei ulike falla til å rekne ut kor langt borte frå brota skipet segla. Det var eit farleg yrke. Ei av mange historier, fortel om 4 unge losdrengar som omkom ved Stålet under berginga av ei seglskute i 1849. Den gode hamna i Honningsvågen, førte med seg at fiskelag frå bygdene på Stadt heldt til her i sesongane. Det var eit yrande liv i den vesle bygda. Særskilt sildefisket på 50 talet, går det gjetord om den dag i dag.

Restar frå kystfestningane som vart bygd av russiske krigsfangar under 2 verdskrig på Hovden ved Ervik og på Storeneset ved Eltvik, er viktige nasjonale minnesmerke om skjebneåra då Noreg var under okkupasjon. Områda var strategiske for overvaking av farleia rundt Stadt, og for å sperre innløpet til Vanylvsfjorden. På Hovden finn vi restane etter kanonstillingar, samt tunnelar og bunkerar som vart nytta til transport og lager. Også murane etter fangeleirane som husa 120 russiske krigsfangar er enno tydelege. På fortet på Storeneset ved Eltvik, ser ein restane etter kanonstillingane som var bygd i etasjar nedover klippeberget, og restar etter fleire bunkerar og brakker. Oppdagingsferd i dei gamle bunkerane på Storeneset, var ein del av barndomens opplevingar, og enno kan ein kjenne ein gufs i ryggen frå historia når ein vandrar igjennom dei mørke grottene.

Kulturlandskapet i strekninga Hoddevik- Liseth er utvald som eit av dei mest verneverdige i landet, og vitnar om det levde liv i desse bygdene. Klyngetunet på Indre Fure er blant eit fåtall slike tun i Noreg, og har historie attende til 1300-talet. Den flotte sandstranda og bølgene som slår inn frå storhavet, har gjort Hoddevik til eit av dei mest besøkte surfeområda i Noreg i dag.

Og nokre stadar er det berre murane som står att etter livet som var. Bolkevika, utanfor Eltvik, er ein slik stad. Ein veglaus plass, vanskeleg tilgjengeleg både til fots og sjøvegen. Grunnmurane står der og vitnar om det levde liv – og draumar som fall i grus for ei familie, då vêrgudane viste seg frå si verste side på Stadhavet.

Og over alt dette, ragar Vestkapp, det vestlegaste fjellplatået i landet, nesten 500 meter over Stadhavet. Fjellvidda, himmel og hav møtast brått og brutalt, og kjem oss uendelege nær. Vi kan kjenne oss små i slike omgjevnadar.

Ein kunne nemnt så mykje meir ved denne ikoniske halvøya; eit kjend landemerke gjennom alle tider. Men, det er tilstrekkeleg til å forstå at eit slikt landskap, ein slik natur og ei slik kulturhistorie må bevarast som heilskap, utan øydeleggande inngrep. Det er dette vi kjempar for! Det er utilgjeveleg, at styremaktene tenkjer å ofre ein slik natur- og kulturarv i Noreg; både kunnskap- og historielaust – og eit stort tap for framtidige generasjonar.

Ei hand i havet, med fingrar mot havets led.

Med fjell som vernar mot stormar som bryt ned.

Havbora tordnar mot landet, og stormen føl med

Sidan tida sin morgon har dette land gitt oss le (H.C. Hansen)

Tenk deg at du er ein stad på denne unike og historisk sagnomsuste halvøya; med den bratte kysten, platåa og den sjeldne floraen. Kanskje er det på Måsevatnet, ein fin junikveld i skyminga, i stillhet og fred, med fyr på bålet og nyfiska fjellørret bresande over varmen – med utsyn over hav så langt auget rekk og sola som går blodraud ned i vest. Enn om ei vakker kvinne brått openberrar seg, gjerne bak ein fin liten buskapsflokk. Og kanskje seier ho "du fiskar i vatnet mitt», før ho forsvinn, like raskt som ho kom. Med sikkerhet kan det knapt seiast - men enn om det var sjølvaste huldra du møtte på…… I fylgje segna frå barndomen, fortalt av dei som var her før, vaktar ho nemleg over Stadtfjellet, buskapen og vatna på Eltvikehornet gjennom alle tider……