Inviterer til folkemøte om fleirbrukshall og symjebasseng i Selje

Stad kommune inviterer til folkemøte om symjebasseng og fleirbrukshall i Selje tysdag 26. mai.

SELJE: No vil Stad kommune ha brukarane og bygdefolket sine meiningar om fleirbrukshall og symjebasseng, og inviterer til folkemøte.   Foto: ILL.FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES

FOLKEMØTE: Rådgjevar Arild Vonheim i Stad kommune håper mange stiller på folkemøte.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Då vil det blir orientert om arbeidet med rom- og funksjonsprogram.

Det vert også ein gjennomgang av mottekne innspel frå brukargruppa. og referansegruppe.

– No har vi fokus på brukargruppa, og har køyrt ei undersøking til dei. Vi har fått 30 tilbakemeldingar. Det er mellom anna frå idrettslaga både i Selje, Stadlandet og Flatraket, idrettsrådet, eldrerådet, ungdomsrådet, rektorane i ytre del av kommunen, gymlærarar og Stad vekst. Som brukargruppe har dei mellom anna svart på kva dei ser for seg av funksjonar av hall og symjebasseng, fasilitetar av hall og basseng, kva dei meiner uteområdet skal innehalde, og kva dei ser for seg av tilgjengelegheit, fortel Arild Vonheim, rådgjevar i Stad kommune.

Spennande

Ein ønskjer også innspel frå publikum.

– Målet er å kome fram til eit rom- og funksjonsprogram. Det er det mandatet vi har, og resultatet skal vi presentere på neste kommunestyremøte, fortel Vonheim. I prosjektgruppa sit også Torfinn Myklebust, Kristine Dahl, Geir-Ove Liseth og Harald Sivertsen.

– Det er eit stort prosjekt, og det blir spennande å sjå kva politikarane ønskjer å gjere vidare, seier han.

Ope for alle

Folkemøtet vert halde på klubbhuset til Selje Idrettslag tysdag 26. mai. Det er ope for alle interesserte.

– På grunn av korona-situasjonen må vi ha påmelding til møtet. Er det fleire enn 50 som er interessert, så lagar vi eit møte to, og er det ytterlegare fleire, så tar vi eit tredje møte den kvelden. Vi er der til alle som ønskjer å vere med kan delta, seier Vonheim. Ønsket er at brukarane og bygdefolket skal involverast i prosessen.