Fartskontroll

Ein mista førarkortet

Under ein fartskontroll i Olden fredag fekk ein bilførar beslaglagt førarkortet etter å ha køyrt i 91 kilometer i timen i 60-sona.

Ein bilførar fekk beslaglagt førarkortet av UP under ein fartskontroll i Olden.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Under ein fartskontroll UP hadde i Olden fredag måtte ein bilførar levere frå seg førarkortet etter å ha køyrt i 91 kilometer i timen i 60-sona.

I den same kontrollen vart skrive ut 14 forenkla førelegg for høg fart. Høgaste fart vart målt til 85 km/t for dei bilførarane som fekk forenkla førelegg. Grensa for førarkortbeslag ligg på fart over 85 km/t, så her er det ein som har hatt flaks.