Fotodagbok

Seksti dagar i 2020

─ Dette er berre ei enkel sak for å dokumentere ein kvardag som vart annleis. Ingen stor sak, ikkje eit inntrykk for verda – kanskje.
Nyhende

Det seier Helle Thomassen Frogner, som bestemte seg for å lage ei fotografisk koronadagbok då livet vart snudd fullstending på hovudet den 12. mars. Skular og barnehagar vart stengde, folk fekk strenge reiserestriksjonar og alle sentrale styremakter hadde daglege lange oppdateringar på fjernsyn der vi vart oppmoda om å halde avstand, ha god handhygiene og elles følgje alle gode råd. Litt mykje nokon og ein kvar, og det var denne situasjonen Helle Frogner, som vi etter kvart har lært å kjenne som Venstre-politikar med plass både i formannskap og kommunestyre i Stad kommune ville prøve å dokumentere både for notid og ettertid.