Har kjøpt lensesystem for 450.000 kroner

Rask innsats mot ureining

For å auke beredskapen i tilfelle ureining i sjøen har Nordfjord IUA (Interkommunalt Utval for akutt forureining) gått til innkjøp av ei 150 meter lang oljelense som no er plassert på Nordfjordeid.

NYTT UTSTYR: Brannsjef Geir Petter Hatlenes og utrykkingsleiar Rune Haugland frå Stad brann og redning fekk onsdag på plass utstyr som raskt kan bli teke i bruk ved ureining i sjøen. Foto: Anna Wuttudal 

Fordelen med utstyr som Boombag er å hurtig kunne få flytta lensa til forureiningskjelda enten med bil eller båt.

Sølve Oldeide
Nyhende

Med Nordfjordeid som cruisehamn og stadig fleire skip inn fjorden, er det trong for å auke beredskapen. Nordfjord IUA har sørga for at nytt utstyr no er på plass for å møte auka fare for ureining, til dømes oljeutslepp.