Eli Førde Aarskog:

─ Sagastad opnar til pinse

Etter merkelege veker og månader er publikum igjen velkomne til Sagastad, som opnar dørene den 30. mai.

Opnar dørene: Sagastad opnar dørene til pinse.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Eli Førde Aarskog er dagleg leiar i Sagastad.   Foto: Pressefoto

Nyhende

─Senteret som presenterer det gigantiske vikingskipet, Myklebustskipet, har fått seg eit «skot for baugen» dette andre driftsåret. Alle bookingar frå cruise ser ut til å bli kansellert og COVID-19 tiltak avgrensar moglegheiter for drift. Store arrangement som Malakoff er avlyst og denne sommaren kan berre maks 200 personar vere ilag, og då med ein meters avstand, seier Eli Førde Aarskog, dagleg leiar i Sagastad, i ei pressemelding som legg til at trass i tiltaka så opnar hotella og campingplassane.

─Loen Skylift er open. Nordmenn får ikkje reise til syden og blir «tvinga» til å feriere i eige land.

Utfordrande

─Reiselivet og Sagastad står framfor ein utfordrande, men også spennande sesong. Vestlandet og fjord-Norge er vinnaren når marknaden er internasjonal. Har våre eigne landsmenn fått dette med seg, og vil dei ta turen ?

Fantastiske tilbod

─Vi er mange som gjer det vi kan for å nå ut med bodskapen. Samla sett er produktet frå Ålesund og Jugendbyen, via Trollstigen, Geirangerfjorden, Stryn, Loen og Briksdalen av dei mest kjende reisemåla i Norge. No fyller vi på med Sagastad, fjordhest, Hornelen, hjortegardar, kloster, Vestkapp, surfing, kvite strender, Hakalegarden og Stadhalvøya. Også her kan du få store opplevingar i kajakk, med RIB eller med fiskestang. Også her er fjell med turar for familiar eller topp trena til fots eller med sykkel. Aktivitets-selskap som Nordfjord Aktiv har fantastiske tilbod.

─Det er kanskje på tide ? At nordmenn oppdagar sitt eige ferieland ? Det er ikkje sikkert at det er krise å vere meir i Norge den finaste tida på året.

På alvor

─Sagastad tek smittevern på alvor og har gode tiltak for dette når dørene opnar 30. mai. Sagastad er eit unikt produkt knytt til ei unik og sterk historie - om vikingkongen og skipet hans. Vi står støtt når vi no inviterer Norge inn.