Glad for fokus på rassikring

Trygge vegar

– Eg er godt nøgd med uttalen frå fylkestinget. For meg har det vore spesielt viktig å ivareta dei innspela som har kjem frå Nordfjord og tidlegare Sogn og Fjordane. Det seier fylkestingsrepresentant i Vestland, Sigurd Reksnes (Sp).

ENGASJEMENT: ‒ Det vert viktig framover at ein opprettheld trykket på behova i tidlegare Sogn og Fjordane, her må kommunane og regionråda engasjere seg fram til regjeringa legg fram sitt framlegg og handsaming i Stortinget, seier fylkespolitikaren frå Stad, Sigurd Reksnes (Sp). Arkivfoto 

Eg er nøgd med uttalen, debatten om uttalen er eg mindre nøgd med.

Nyhende

Utgangspunktet for uttalen som vart vedteken av fylkestinget tysdag er Statens vegvesen sitt framlegg til NTP. Reksnes peikar på at i dette framlegget ligg det ikkje inne ordinære større prosjekt på riks- og stamvegnettet i tidlegare Sogn og Fjordane.