Sparebanken Vest gir 83 000 til korps i Nordfjord

Fleire korps i Nordfjord er på mottakarlista når Sparebankstiftelsen Sparebanken Vests Korona-fond deler ut midlar til korpsmiljøet på Vestlandet. – For oss er det viktig å stille opp for kulturlivet i regionen vår i denne krevjande tida, seier banksjef Wenche Myhre.

Fleire korps i Nordfjord er på mottakarlista når Sparebankstiftelsen Sparebanken Vests Korona-fond deler ut midlar til korpsmiljøet på Vestlandet. Biletet er frå Rocka korpsstemne for nokre år tilbake.   Foto: Arkivfoto Tormod Flatebø

Nyhende

– Eg er oppteken av at barn og unge her i Nordfjord skal ha gode oppvekstvilkår og eit variert fritidstilbod. Difor ønsker Sparebanken Vest å bidra til at frivillige lag og organisasjonar kan fortsette sitt viktige arbeid også etter denne krisen, seier Wenche Myhre, banksjef for kontora til Sparebanken Vest på Eid, i Måløy og Stryn.

– Og heilt ærleg – mai månad utan korpsmusikk er jo heilt utenkeleg! legg ho til.

Korona-fondet blei oppretta av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest i mars i år som eit ekstraordinært tiltak. Formålet er å støtte lag og foreiningar på Vestlandet som slit med økonomien som følge av koronaepidemien. Stiftelsen har sett av 100 millionar kroner til dette.

Deler ut totalt 6,5 millionar kroner

Fleire korps i Nordfjord har søkt om midlar til å oppretthalde drifta og gjennomføre dei tiltaka som er planlagd, som konsertar, sommarturar og mykje meir.

– Når inntekter frå loppemarknader og andre oppdrag fell bort, seier det seg sjølve at det blir vanskeleg å drive korps. Vi håper at midlane frå Korona-fondet vil kome godt med for unge og vaksne i korpsmiljøet i Nordfjord – både dei som spelar sjølve og dei som frydar seg over å lytte til musikken, seier Myhre.

Alle som har søkt vil få

Totalt var det over 150 korps som søkte om midlar frå Korona-fondet. For å få til ei mest mogleg rettferdig fordeling, har Sparebankstiftelsen vedteke at alle korps som har søkt om støtte til no, vil få midlar. Korona-fondet deler ut til saman 6,5 millionar kroner til korpsa.

– Dette viser styrken i sparebankmodellen. Vi skal være leiande på bankdrift, men vi skal også ta samfunnsansvar. Korona-fondet gir oss endå større rom for å støtte opp om lokalmiljøet og organisasjonane i Nordfjord som bidreg til gode, inkluderande lokalmiljø for barn og unge, seier banksjefen.

Desse korpsa får midlar frå Korona-fondet

· EID KORPSFORUM som består av fleire korps

· YTRE NORDFJORD BRASS