Snart er det 17. mai

På tide med vårpuss

INNIMELLOM ER DET VÅRLEG: Kari Rygg Fjørstad og Anlaug Førde nytta onsdag høvet til å gjere vindauga skinande blanke hjå NMS Gjenbruk på Almenningen.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Tysdag var det snø og kulde. Onsdag først på dag skein sola og folk var ute for å ordne i hagen eller vaske vindauge.

Utanfor butikken NMS Gjenbruk ved Almenningen på Nordfjordeid møtte vi på to blide damer, Kari Rygg Fjørstad og Anlaug Førde, som med lange kostar og nal sørga for at vindauga vart skinande blanke til 17. mai. Kva slags magisk middel dei hadde i vaskevatnet fekk vi ikkje vite, men det såg uansett ut til å ha god effekt..

Våren såg ei stund ut til å få overtaket. Men den gang ei. Nokre timar seinare var lufta full av snøfiller, og temperaturen kraup nedover mot null.

Også torsdag føremiddag var det godt med sludd i lufta, så vi får ha tolmod nokre dagar til før vi legg vekk vottane.



Sjokk for fruktdyrkaren

Fruktbonden Inger Karin Haugen Starheim, har rundt 800 frukttre, og fekk litt av eit sjokk då ho såg ut på frukthagen sin i dag.