Elevar ved Eid vidaregåande skule

Må ha eksamen likevel

Eid vidaregåande skule fekk først fekk beskjed om at alle eksamenar denne våren var avlyst, så kom kontrabeskjeden. 29. mai skal 23 elevar ha skriftleg eksamen.

MÅ TA EKSAMEN: Elevane som går VG3 automasjon og VG3 dataelektronikk må likevel ha skriftleg eksamen, trass i at dei først fekk beskjed om at den var avlyst. Framme f.v.: Stian Torheim og Eirik Kyrkjeeide Karlsen. Bak f.v.: John-Rune S. Sunde, Olav Berstad, Hanna Solheim, Kristian Nesje, Jakob Hagen, Preben Dåvøy Hatlenes og Hubert Jerzy Lewkowicz.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

21. april vart det klart at både skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn og vidaregåande denne våren er avlyst som følgje av koronaviruset. Sist veke kom det derimot ny beskjed. Elevane som går 3. klasse dataelektronikk og 3. klasse automasjon ved Eid vidaregåande skule skal 29. mai ha ein fem timar lang skriftleg eksamen.

– Vi fekk bekrefta at alle eksamenar var avlyst, inkluderte denne her. Eg vart veldig overraska då vi fekk beskjed om at elevane må likevel ta eksamen, seier Ove Lillestøl, avdelingsleiar ved Eid vidaregåande skule.

Grunnen til at elevane må ta den skriftlege eksamenen er at dei må ha dokumentasjon at denne eksamenen er bestått før dei kan ta fagbrev etter 18 månadar ute i lære.

– Det eg trur har skjedd er at det Faglege råd har vore inne i bilde og sagt at elevane må ha denne eksamenen, seier Lillestøl.

Dette seier UDIR

Utdanningsdirektoratet (UDIR) bekreftar på sine nettsider og til Fjordabladet at eksamenane som skal gjennomførast denne våren på vidaregåande skular i landet er privatisteksamenar, særskilde eksamenar og nokre eksamenar i lærefag.

– Om det er eit krav i læreplanen at eksamen avleggast før fag- eller sveineprøve, må lærlingen framleis ta eksamen. Dette gjeld mellom anna automatikar og dataelektronikk. I desse faga må elevane ha eksamen for å få vitnemål. Det er viktig at elevane får moglegheit til å gjennomføre eksamen denne våren, slik at dei kjem vidare i utdanningsløpet, seier UDIR til Fjordabladet.

– Kven var involvert i denne avgjersla?

– Det er Kunnskapsdepartementet som bestemte dette. Utdanningsdirektoratet gav innspel til kunnskapsgrunnlaget.

Surt

Det er totalt tolv elevar som går VG3 automasjon og elleve elevar på VG3 dataelektronikk på Eid vidaregåande skule som må ha skriftleg eksamen. Dei har no rundt to veker å førebu seg på før dei skal opp til denne eksamenen heilt i slutten av mai.

– Det er veldig surt, seier elevane som går VG3 automasjon til Fjordabladet.

– Vi har vore her i to veker og hadde sett fram til å jobbe med det praktiske og prosjekt vi ikkje var ferdige med. No er det plutseleg eksamen som er viktigast, seier ein av elevane på automasjon.

– Eg var sint heile dagen vi fekk beskjed om dette, fortel Jakob Hagen.

Den skriftlege eksamenen som dei 23 elevane ved Eid vidaregåande skule skal ha, er ein krevjande eksamen som på mange måtar er ei teoriprøve til fagprøve.

– Det er mykje som kunne vore utbetra med denne eksamenen. Vi skal gå gjennom praktiske problem som vi aldri har gjort tidlegare. Vi mista denne delen grunna korona, seier Jakob.

– Det er ein omfattande eksamen, og i fjor var det 100 sider vedlegg på engelsk under førebuingsdelen, legg Lillestøl til.

Utfordrande

I tillegg til at denne eksamenen er omfattande, er det også fleire utfordringar for elevane, som har hatt heimeundervisning i rundt seks veker. Trass i at dei fekk kome tilbake på skulen 27. april, har dette vore avgrensa grunna smittevernreglar.

– Elevane har ikkje fått teori og praksis fletta saman som normalt desse vekene.

– Vi er veldig opptatte av at elevane ikkje skal vere skadelidande, så no er vi innstilte på at vi skal klare dette. Til vanleg er det hovudsakleg læreplanen som er i fokus, men no må vi jobbe heilt bevisst mot denne eksamenen og førebu oss godt. Eg trur dette skal gå bra, seier Lillestøl.