Nasjonaldagen må opplevast heime gjennom internett

Forsiktig markering av 17. mai

Skulekorpsa i Stad kommune har starta opp med øvingar. På 17. mai skal fleire av dei spele utan publikum. Ein blir oppmoda om å oppleve nasjonaldagen via internett.

Hjelle skulemusikk har starta opp med øving igjen, der dei held god avstand utandørs. På 17. mai skal dei spele i toget på Nordfjordeid om morgonen, og ein liten runde i Mogrenda når dei kjem opp att.  

Dirigent Helge Rønnekleiv held kontroll på både takta og riktig avstand under den andre øvinga etter oppstart etter koronastenging. Fleire bygder i Stad stiller med korps på nasjonaldagen, men ordinære folketog blir det ikkje. 

Bildet viser 17. mai i Selje i 2018. I år blir folk oppmoda om å ikkje møte opp på ulike arrangement. Men heller oppleve nasjonaldagen digitalt. Mange av arrangementa i ulike bygder blir lagt ut på nettet.   Foto: Arkiv

Nyhende

Eit av korpsa som har starta opp med øving igjen er Hjelle skulemusikk. Dei har hatt tre øvingar etter at dei blei klarsignal for løyve til å øve igjen.

På 17. mai skal Hjelle skulemusikk spele først i barnetoget i Eid sentrum om morgonen.

Etterpå skal dei gå ein liten runde i byggjefeltet i Mogrenda, med ulike stopp for å spele der.

Speling i Selje

Rundt om i Stad kommune blir det ulike mindre markeringar på 17. mai. I Selje startar det om morgonen med flaggheising ved kommunale bygg. Det blir tale ved bautaen ved Sunniva Djupedal, som blir streama på lokal facebookside.

Etter det skal Selje skulekorps og flaggborg gå i tog til sjukeheimen. Der det blir speling utandørs som bebuarane kan få oppleve. I Selje blir hovudtala av Mona Austring. Den blir også streama på nettet og kan opplevast der.

Gjennom bygda på Flatraket

På Flatraket blir det feiring ved at korpset skal stå sentralt i bygda og spele «Ja vi elsker». Dette skal skje samstundes som nasjonalsongen skal spelast på NRK. Då blir alle oppfordra om å synge med der dei bur. Etter dette vil skulekorpset gå gjennom bygda, og spele slik at folk kan sjå dei og oppleve musikken frå sine heimar. Tale for dagen på Flatraket er ved ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. Dette er ei tale som kan opplevast digitalt på nettet.

Gudsteneste på nettet

På Bryggja vil skulekorpset spele på ulike stadar i bygda, og avslutte ved omsorgssenteret.

Kransepålegging på Stårheim

På Stårheim blir det kransepålegging ved bautaen ved 4H. Dette blir filma og lagt ut på nettet på bygda si eiga facebookside.

I Kjølsdalen blir det ikkje markering utanom flaggheising om morgonen. På Haugen er det heller ikkje opplyst om noko markering denne særskilde 17. mai.

Stadlandet

På Stadlandet skal Jon Inge Sigerland spele «Ja vil elskar» på orgel om morgonen. Geir Årvik held tale ved bautaen, korpset spelar med drilltropp. Det blir festtale ved Heming Drage. Alle taler og fleire hendingar kan opplevast via ulike bygdesider på nettet.