Feir 17. mai saman med oss

Det blir ein annleis 17. mai, men vi i Fjordabladet vil gjere vårt for å spreie kjensla av nasjonaldagen vår.

ANNLEIS FEIRING: – Send oss bilde frå korleis du feirar din 17. mai i år, oppfordrar redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

I samarbeid med Stad kommune vil vi publisere saker, videoar og bildeseriar frå 17. mai. Det blir korpsmusikk, talar og kransenedleggingar.

Alt som blir publisert på fjordabladet.no på nasjonaldagen vil ligge ope og tilgjengeleg for alle.

– Men vi ønskjer at også du vil dele fotoglimta dine – frå korleis du feirar denne spesielle dagen. Enten du har familieselskap på terrassen eller potetløp i hagen med naboungar, oppfordrar redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes.

Send 17. mai-bilete til redaksjon@fjordabladet.no

– Få med deg feiring av 17. mai på nettsida vår fjordabladet.no, seier Nilsen Stokkenes