Etterlyser skredgransking - no betalar bedrifter sjølv

Gunnar Silden (V) etterlyser skredgransking i gamle Selje kommune.

SKREDGRANSKING: Gunnar Silden (V) meiner etableringslysta frå næringslivet ikkje er stor når bedrifter sjølve må bære ekstrakostnadar med skredgransking i ytre.   Foto: SKJERMDUMP

Det er klart at etableringslysta ikkje blir like stor når ei bedrift vil etablere seg og dei får ein ekstra kostnad med å utføre gransking for eiga rekning.

Gunnar Silden
Nyhende

I Stad kommunestyre tok han opp temaet.

– Selje kommune – no Stad kommune har vore med i kartleggingsplanen for skredgransking frå 2011, men det er framleis ikkje utført slik gransking i det som var gamle Selje kommune. Dette medfører at bedrifter som vil bygge ut eller etablere seg i ytre, må gjennomføre granskinga sjølv- om det er i nærleiken av rasområde, noko som stort sett heile gamle Selje kommune er, sa Silden.

Han viste til to bedrifter som har utført skredgransking for eiga rekning fordi slik gransking ikkje har blitt gjort i det aktuelle området.

– Det er klart at etableringslysta blir ikkje like stor når ei bedrift vil etablere seg, og dei vil få ein ekstra kostnad med å utføre gransking for eiga rekning, sa Silden.

Han viste til at det er planar om å etablere flytekai i området Lestovika, og meinte at dei sikkert vil få beskjed om å gjennomføre skredgransking.

Viktig tema

Ordførar Alfred Bjørlo meinte det er ei viktig sak partikollega Silden set på dagsorden.

– Dei siste åra har det vore eit sterkt auka fokus på naturfarar i Norge. I 2009 fekk NVE ansvar som nasjonal skredmyndighet, og dei har sidan dette arbeidd med å betre samfunnet si evne til å handtere mellom anna farar relatert til skred, sa Bjørlo.

Han viste til at NVE utfører faresonekartlegging av den mest utsette busetnaden i Noreg, etter ei risikobasert prioritering som går fram av Plan for skredfarekartlegging (NVE 2011/14).

– Denne planen inneheld utvalde område både i Selje og Eid. For Selje sin del ligg kartlegging i Stranda og på Rundereim inne i Plan for skredkartlegging. Til no har NVE levert faresonekart i 48 kommunar. NVE har kartlagt nokre utvalde område i det som var Eid kommune for skred i bratt terreng, rapport vart levert i 2019, opplyste ordføraren.

NVE har også produsert aktsemdskart for fleire skredtypar, som kan hjelpe kommunane med å avgjere kvar det potensielt kan vere fare for skred.

Vert stilt krav

– I område som fell innanfor ei slik aktsemdssone skal det gjennomførast ei meir detaljert skredfarevurdering i samband med planlagd utbygging. I alle nye reguleringsplanar for slike område vert det stilt krav om at skredfare skal avklarast. I område der dette ikkje er avklara kjem kravet tilbake i byggesak.

Det er uomtvista i lovverket at det er tiltakshavar sitt ansvar å dokumentere tilstrekkeleg tryggleik, og det er sterke føringar frå øvste forvaltningsnivå at kommunane har eit ekstra ansvar for å sjå til at slik dokumentasjon ligg føre, og å avslå søknader der dette ikkje vert følgt opp, påpeikar Bjørlo.

Politisk vilje?

– Stad kommune kan sjølvsagt få gjennomført skredfarekartlegging for eiga rekning dersom det er politisk vilje til å avsette midlar til dette. Men det er også mogleg å innleie dialog med NVE og be om at fleire område vert undersøkt, påpeikar ordføraren.

Han lovar at han kjem til å forfølgje det siste sporet i fyrste omgang – å ta ei kontakt med NVE ut frå rapporten som vart laga i 2011.

– Eg vil be dei om å kartlegge utvalde område i Selje på bakgrunn av dette. Eg kjem til å ta eit slikt initiativ, og då også få ei vurdering av om det er aktuelle område for kartlegging på Bryggja.