Er nøgd med uttalen

Fylkespolitikar Alfred Bjørlo (V) er glad for at det i fylkestinget er brei støtte for å oppgradere strekningar på E39 utan gul midtstripe.

VIDEOMØTE I FYLKESTINGET I VESTLAND: Her frå Alfred Bjørlo (V) sitt innlegg. Nede til venstre ser vi fylkesordførar Jon Askeland (Sp) 

Nyhende

Bjørlo er nøgd med at fokuset i ikkje berre er på gigantprosjekt, men at det i uttalen frå fylkestinget vert lagt vekt på at det i Vestland må vere midlar både til å starte store prosjekt og mindre prosjekt, slik at det balanserer utviklinga i fylket.