Ti køyrde for fort

Under ein laserkontroll i 50-sona på Nordfjordeid onsdag vart det skrive ut ni forenkla førelegg.

Ti bilførarar fekk forenkla førelegg etter å ha køyrt for fort i høvesvis 80-sona på Haugen tysdag, og i 50-sona på Nordfjordeid onsdag.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Tysdag gjennomførte UP fartskontroll i 80-sona på rv15 på Haugen. UP melde om liten trafikk og at det berre vart skrive ut eitt forenkla førelegg for høg fart. Vedkomande som fekk førelegget køyrde i 90 km/t. UP hadde også fartskontroll i 50-sona på Lotevegen onsdag, her vart det skrive ut ni forenkla førelegg for for høg fart. Høgaste fart i 50-sona vart målt til 60 km/t.