Nordfjord sender felles idéliste om koronatiltak til Regjering og Storting

Det nyoppretta Regionale Beredskapsteamet for Nordfjord sendte onsdag ei idéliste til Regjering og Storting om tiltak som raskt bør på plass for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.

IDELISTE: F.v. Ordførarane Alfred Bjørlo frå Stad, Per Kjøllesdal frå Stryn, Leidulf Gloppestad frå Gloppen - i tillegg til Anne Kristin Førde frå Bremanger (ikkje med på bildet), har onsdag sendt brev til Regjering og Storting med ei ideliste.  Foto: Arkiv: Anna Wuttudal

Nyhende

- Vi har dei siste vekene gjort ein omfattande jobb for å kartlegge situasjonen for næringslivet i Nordfjord, og kva konkrete tiltak som enno manglar for å hjelpe bedriftene våre. Situasjonen er særleg alvorleg for reiselivsnæringa, men det er også stor utryggleik for framtida for bedrifter i andre bransjar. Nordfjord er ein region med eit sterkt og eksportretta næringsliv. Det er viktig for oss å gjere felles sak inn mot sentrale styresmakter, og ikkje minst vere mest mogleg konkrete på kva verkemiddel som no kan treffe dei behova vi har fanga opp i næringslivet.

Det seier Alfred Bjørlo (leiar i Nordfjordrådet) og Jon B. Nesje (styreleiar i Visit Nordfjord), som har signert brevet.

Kommunane Stryn, Gloppen, Stad og Bremanger har danna Regionalt Beredskapsteam Nordfjord for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa, saman med næringslivet i Nordfjord, NAV Nordfjord, Visit Nordfjord og Vestland Fylkeskommune. Alle ordførarane i dei fire kommunane (Per Kjøllesdal (Stryn), Leidulf Gloppestad (Gloppen), Alfred Bjørlo (Stad) og Anne Kristin Førde (Bremanger) sit i det regionale beredskapsteamet.