Bjørlo rykkjer opp

Inn i fylkesutvalet i Vestland

‒ Det blir spennande å møte i fylkesutvalet, seier venstrepolitikar Alfred Bjørlo, som i tillegg til å vere Stad-ordførar også har mange andre jern i elden. Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

På fylkestinget i går fekk Gunhild Berge Stang (V) permisjon frå vervet som fylkestingsmedlem og medlem i fylkesutvalet i Vestland.

Dette inneber at Alfred Bjørlo (V) rykkjer opp og får plass i fylkesutvalet så lenge Berge Stang er statssekretær.

‒ Det kom noko brått på. No får vi sjå korleis vi skal løyse kabalen med oppgåver i fylkestingsgruppa til Venstre, kommunale verv og fylkestingsverv. Vi må finne ut korleis vi skal organisere dette, seier Bjørlo, som er ordførar i Stad. Stad kommune har varaordførar i halv stilling.

Venstre har to representantar i fylkestinget i Vestland, og endringa inneber at 1. vara Geir Kjell Andersland frå Bergen rykkjer opp og får fast plass i fylkestinget.

Gunhild Berge Stang vart nyleg henta inn som statssekretær til Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).