Fjord1 gjekk med underskot i 1. kvartal

Trass i at Fjord1 gjekk med 27 millonar kroner i underskot i første kvartal melder selsakpet om trygg og stabil drift i ei utfordrande koronatid.

- Vi ser allereie at trafikken på ferjesambanda aukar og at passasjerane nyttar cateringtilbodet. Dette er gledeleg å sjå etter ei utfordrande tid, seier administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland i ei pressemelding.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Fjord1 omsette for 752 millionar kroner i første kvartal. Dette ein auke på 17 prosent etter oppstart av nye ruter 1.januar 2020. EBITDA har auka med 23 prosent til 194 millionar kroner medan kvartalsresultatet er påverka av den generelle uroa i finansmarknaden og utfordringane innan reiselivsnæringa som følgje av COVID19. Resultat viser eit underskot på 27 millionar kroner., heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Fokus på tryggleik

Sidan COVID19-utbrotet har Fjord1 fokusert på å ivareta tryggleiken til tilsette, kundar og leverandørar, samt ivareta den daglege drifta. Fjord1 har sett i verk fleire tiltak mot smittespreiing, og har i samsvar med nasjonale og lokale føreskrifter og anbefalingar følgt råda for å avgrense spreiing av viruset. Det har vore marginale endringar i ferjeproduksjonen. Cateringaktiviteten vart stengd i andre halvdel av mars for å avgrense spreiing av viruset. Tilbodet er i ferd med gradvis å opne opp att i tråd med nye retningslinjer.

Usikker framtid

-I eit kvartal med stor aktivitet knytt til oppstart av nye samband, og med ein utfordrande COVID19-situasjon, vil eg nytte anledninga til å takke alle tilsette som har handtert situasjonen svært godt. Reiseliv og catering vil i størst grad bli påverka av COVID19. Det er usikkert kva effekt COVID19 vil ha framover, men vi ser allereie at trafikken på ferjesambanda aukar og at passasjerane nyttar cateringtilbodet. Dette er gledeleg å sjå etter ei utfordrande tid, seier administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland i ei pressemelding.

Fleire nye ferjekontraktar

2020 er eit år der Fjord1 startar opp fleire nye ferjekontraktar, og på same tid fullførar eit stort nybygg/ombyggingsprogram på over 30 elektriske ferjer. Også arbeidet med å ferdigstille ladeanlegg for ferjene vert fullført i 2020.