17. mai:

Veteranbilar køyrer fremst i toget

I år vert det ei spesiell 17. mai feiring, men Nordfjord Motorhistorisk klubb gler seg til å køyre først i toget.

17. MAI: På 17. mai skal Nordfjord Motorhistorisk klubb køyre i tog.  Foto: privat

Nyhende

17. mai, i det som tradisjonelt har vore «folketoget» skal Nordfjord Motorhistorisk klubb køyre først i toget på Nordfjordeid med veteranbilar.

– Vi har aldri køyrt på 17. mai som eg veit om. Vi har hatt mange andre arrangement, men ikkje på 17. mai. Det vert ei spesiell feiring, så vi tenkte at det kunne vere kjekt. Eg veit ikkje om det vert noko fast tradisjon, seier Yngve Kjørstad, leiar i Nordfjord Motorhistorisk Klubb.

Nordfjord Motorhistorisk Klubb skal køyre det offisielle toget før dei tek seg ei ekstra runde frå Øyane mot idrettshallen, før dei køyrer vidare til Hjelle, sørsida av Bjørlo og til Haugen.

– Når vi samlar ein gjeng med bilar, er det kjekt å køyre lenger enn 15 minutt. Vi har difor bestemt oss for å ta ei ekstra runde, og så kan dei som vil kome ut å sjå.

Om vêret vert bra er planen å ha ein open bil fremst, med ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. I tillegg vert det to veteran lastebilar, og om vêret tillèt det skal to personar frå Eid Spelemannslag vere med i desse.

– Det heile er litt vêravhengig. Planen er å ha ein open bil fremst i toget, og då er planen at Alfred Bjørlo skal sitte på i den. Om det vert nedbør, kan vi ikkje ta ut bilen. Den er snart 100 år. Vi håpar på bra vêr slik at vi kan køyre open bil med ordføraren opp i, fortel Kjørstad.