Innbyggjarinitiativet i Okla-saka

Venstre tapte avrøysting i kommunestyret

Kommunestyret hadde to framlegg å ta stilling til, då kommunestyret handsama innbyggjarinitiativet.

Møteleiinga: Kommunedirektør Åslag Krogsæter, ordførar Alfred Bjørlo (V) og Siri Sandvik, varaordførar Ap  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Før saka kom opp til handsaming var det ei grundig orientering frå Bård Inge Fløde i Innbyggjarinitiativet, og frå kommunalsjef Elin Leikanger. Fleire i kommunestyret vart nok overraska då Anita O. Hoddevik (V) tidleg i debatten gjorde det klart at Venstre kom til å legge fram eit forslag til vedtak der partiet ønskte å gjere om på vedtaket i Areal og eigedomsutvalet.