Ein varebil hadde 200 kilo overvekt

Statens vegvesen hadde onsdag kontroll på Nordfjordeid.

KONTROLL: Statens vegvesen kontrollerte tungbilar på Nordfjordeid onsdag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var tungbil som var fokuset under kontrollen onsdag på Nordfjordeid. Totalt 41 tungbilar var inne på kontrollplassen, medan 16 vart kontrollert. I tillegg vart ein lett bil kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen vart alle køyretøya kontrollert for vekt. Ein varebil hadde 200 kilo med overlast, og måtte laste av overvekta før vidare køyring. I tillegg hadde eit køyretøy lause boltar i svingkransen.