Hans Christian Hansen, leiar i Stad Landskap:

–Når alt blir feil – vert feil oppfatta som rett

– Kvifor søkjer Falck Renewabeles Vind AS om denne dispensasjonen på fritak av regulering no? Reguleringsføresegner gjeld for alle andre i dette landet og er nedfelt i norsk lov.

Oppgitt: – Det hadde og vore greitt å fått vite kvifor utval for areal og eigedom, som behandla dispensasjonssaka sist veke, ikkje tok seg tid til å lese opp dei alternativa som innbyggjarinitiativet hadde sendt? Og kvifor vart ikkje lovtekstane til Motvind diskutert? Eg er heilt oppgitt på korleis utvalet behandla denne saka på ein så lettvint måte. Det virket som om utfallet var gitt før dei kom til saka. Hans Christian Hansen, leiar i Stad Landskap. Foto: Privat 

Dei fleste nye politikarane har ikkje kjennskap til det som var då

Nyhende

Det seier Hans Christian Hansen, leiar i Stad Landskap, som har slåst mot vindkraft på Okla i 14 år.

–Eg var på det første folkemøtet om Okla Vindkraft for 14 år sidan. På det tidspunktet hadde det vore jobba i kulissane i nesten 2 år. Hoddevikfjellet vart berga, men berre nokre månader etter avslaget på Hoddevikfjellet kom søknaden på Okla, i luftlinje nokre tusen meter unna. Nok ein gong var kapitalismens makt stor, og Norge skulle berge verda med vindkraft.

Første møte

–På det første folkemøtet stilte representantar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Vestavind. Møtet starta greitt, og etter som tida gjekk var det ikkje det som var sagt som var problemet, men det var alt det som ikkje vart sagt som eg og mange andre reagerte på. Etter møtet vart eg tatt til side av dei to som seinare vart sittande i styret i Stad Landskap saman med meg, Knut Lundebrekke og Jan Hammersvik, som ville starte opp att Stad Landskap og starte kampen, saman med desse var Ingvild Aulstad, no pensjonert professor på HISF. Desse tre ville ha ein engasjert person med seg i kampen, og det vart meg, seier Hans Christian Hansen.

Europas kraftbehov

–Utbygginga på Okla er eit prosjekt starta av Vestavind og SFE. På det tidspunktet hadde Regjeringa sett eit tak på 10 TWh vindkraft og ville subsidiere denne for å bidra til å redde Europas kraftbehov. Det låg an til lettente pengar for kraftselskap. Problemet her var att grunneigarane ikkje ville. I tillegg låg Selje kommune an til å hamne i Robek. Kommunen gjekk derfor «all in» for å forsøke å berge budsjettet. I starten var det berre fire interessentar som gjekk inn for prosjektet. Statkraft, fordi dei ville ha 420 kV-lina mellom Ørskog og Fardal, og trengde slike prosjekt for lage ei forsyningslinje gjennom Sogn og Fjordane og mot Norskekysten til Europa. SFE fordi dei ville tene pengar, Selje kommune på grunn av økonomisk uføre, og nokre grunneigarar. Alle andre sa i utgangspunktet nei.

Stort press

–Vestavind kraft, no Falck Renewables Vind AS (FRV) klarte saman med sakshandsamarane i Selje kommune og NVE å legge så stort press på grunneigarane. Med trugsmål om ekspropriering gjekk grunneigarane med på ei utruleg dårleg avtale. Kommunen fekk førespegla det eg vil kalle eitt luftslott, som dei trudde ville berge kommunen ut av det økonomiske uføret. Det vart ein hard kamp, og Stad Landskap fekk verkeleg kjenne kampen mot makta direkte på kroppen, seier Hansen som midt opp i dette vart vald som leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

–Frå 2008 til 2012 hamra eg laust på kraftselskap, NVE, Olje- og energidepartementet (OED) og politikarar frå to kantar. Det var det eg vil kalle artige år der eg trefte og snakka med utruleg mange personar eg aldri ville gjort elles. Blant andre Eva Joly, den politisk korrupsjonsjegeren frå Frankrike.

Makt og arroganse

–Okla-saka gjekk gjennom den byråkratiske og politiske mølla, men same kor mange som arbeidde mot utbygging så vart prosjektet i 2013 godkjent av OED etter ein maktkamp og oppvisning i maktarroganse som vi heldigvis sjeldan opplever. Vedtaket vart påklaga. Etter to år vart alle klager avslått.

–Når eg ser tilbake på korleis saka har blitt handsama i NVE og OED har eg mange gonger lurt på kva som skjedde. NVE la til grunn 21 høyringsinstansar. Berre fire var for utbygging. Samstundes kom Miljødirektoratet på bana og analyserte konsekvensutgreiinga, og konkluderte med utbygginga ville ha store eller veldig store negativ konsekvensar, noko som burde ha stoppa prosjektet då. Men nei, NVE godkjente saka og sende den vidare til OED som også vende tommelen opp for utbygging, seier Hansen som meiner dei same folka i NVE og OED minst har hatt saka på sine bord tre gonger, utan at noko har vorte endra eller sett nærare på.

Fire av sju ut

–Det høyrer med til saka at Vestavind Kraft fekk økonomiske problem med prosjektet, og fire av dei sju kraftselskapa som i utgangspunktet eigde selskapet trekte seg ut i 2014. Men alt dette gjekk på ein måte under radaren, fordi vi hadde fått vite at OED sitt vedtak var endeleg og ikkje kunne klagast på. Vi hadde brukt sju år, og var i grunnen utslitne. Og då den beskjeden kom, var det vel naturleg å gje opp. Vi var blakke, og utskjelte og latterleggjort av dei fleste som var for prosjektet. Slik eg ser det, så var det lokale politiske miljøet og statlege sakshandsamarar som var verst. Personleg mista eg jobben som lærar her i bygda fordi eg heldt på med denne saka. Det kan eg takke to personar for. Sjølv om eg ikkje vil snakke om akkurat det, så kan vere greitt at folk får vite.

–Det politiske miljø som regjerte då, gjorde det med arroganse, seier han.

På utanlandske hender

–I 2016 då Vestavind vart splitta, klarte ikkje SFE å skaffe partnarar eller kapital, og dei var ikkje interessert i å ta prosjektet åleine, og leitinga etter internasjonale investorar starta. I 2017 fekk Vestavind Energi, som dei no hadde skifta namn

til, napp hos Falck Renewables Vind as, og med det var 80 prosent av Okla-prosjektet kjøpt opp av utanlandsk kapital. Prosjektet vert totalt endra. Tal på turbinar gjekk ned, men storleiken gjekk opp frå 90 til 150 meter. Dei kallar det avbøtande tiltak, men alt vert verre, og planområdet vert eitt kategori E område. Noko som er så gale at politikarane burde oppfatte det. Men MTA planen vart godkjent etter lite inkluderande planarbeid frå SFE og Selje kommune sin administrasjon si side. Året etter kjøper Selje kommune aksjar i SFE for 4.7 millionar, og nye endringar vert godkjente fortløpande.

–Falck søkjer om ny ferdigstilling, dei søker utsetjing med eitt år og får det utan problem, seier Hansen som legg til at maktkampen er endra.

–Kommunane Selje og Eid har slått seg saman og blitt til Stad kommune. Vi vert etne opp, og dei fleste nye politikarane har ikkje kjennskap til det som var då.

Må svare

–Falck søker om fritak for å regulere eitt ikonisk fjellområde i Noreg, og politikarane gjev klarsignal på feil grunnlag. Alt for å kunne halde tidsfristar. Grunneigarane går til handling for å sikre ein lang kamp for kvar vegen skal gå. Alt dette skjer fordi kunnskapen er feil. Politikarane trur at avtaler er underskrivne, grunneigarane tru at gamle avtalar gjeld. Men ingenting stemmer heilt. Når alt blir feil, blir feil oppfatt som rett, seier Hans Christian som legg til at midt opp i dette gløymer alle å stille seg spørsmålet; kvifor søker Falck Renewables Vind AS fritak frå regulering?

–Er det noko som ikkje toler dagens lys før vedtak er fatta og ingen feilsteg kan rettast på? Det er eitt heilt sentralt spørsmål som kommunestyret bør

svare på, seier Hansen som er samd med «Motvind Norge», som i eit brev til Stad kommune blant meir peikar på at vegtraseen som det er søkt om, er i strid med gjeldande LNF-formål, og er underlagt reguleringsplikt.

Reguleringsplikt

–Både Motvind Norge og Stad Landskap er av den oppfatning at det ikkje skal vere mogleg å sette i gong ei dispensasjonssak for ein reguleringspliktig veg som har vesentlege verknader for miljø og samfunn. Ein dispensasjon hopper over mange obligatoriske ledd som er meint å ta i vare rettstryggleiken, seier Hans Christian Hansen som også stiller spørsmål ved kva sak som burde kome til politisk behandling først? Innbyggjarinitiativet eller dispensasjonssaka. Det hadde og vore greitt å fått vite kvifor utvalet for areal og eigedom som behandla dispensasjonssaka sist veke, ikkje tok seg tid til å lese opp dei alternativa som innbyggjarinitiativet hadde sendt? Og kvifor vart ikkje lovtekstane til Motvind diskutert? Eg er heilt oppgitt på korleis utvalet behandla denne saka på ein så lettvint måte. Det virket som om utfallet var gitt før dei kom til saka.

Ingen gevinst

Hans Christian Hansen meiner at Stad kommune ikkje har nokon vinst på utbygginga.

–Anlegget har ein kostnad på mellom 200 og 300 millionar

kroner, inntektene til kommunen er rundt 1,5 promille av dette. Turistnæringa i Stad kommune vil tape meir enn kva innteninga til kommunen blir på eitt år. Økonomisk er dette lite lurt. Når det gjeld fauna, og dyreliv er det ei katastrofe. Men slik er hardkøyret på norsk natur blitt – sett opp mot sterke utanlandske økonomisk interesser og framtidig økonomisk vinst. Det er som han seier I filmen Forrest Gump; «My mama says life is like a box of chocolates, you never know what you`re going to get». Det gjeld all vindkraft! Det er ingen som veit konsekvensane før det er for seint, og då det er for seint. For Okla utbygginga som vi kjempar mot er det ikkje for seint enno, der er framleis fugleliv. Naturen er intakt. Det er framleis dyreliv. Det er framleis eitt ettertrakta turområde, og det er framleis ein rik fauna.

Ordentleg sakshandsaming

Til politikarane i Stad kommune stiller eg spørsmålet på nytt; Kvifor søkjer Falck Renewabeles Vind AS om denne dispensasjonen på fritak av regulering no? Regulering gjeld for alle andre i dette landet og er nedfelt i norsk lov. Det for å sikre ordentleg handsaming av saker slik at landskap, flora og fauna, fugle- og dyreliv og menneskje vert tatt vare på, seier Hans Christian Hansen til Fjordabladet.