Tre køyretøy var for tunge

Statens vegvesen kontrollerte 27 køyretøy på Nordfjordeid måndag.

KONTROLL: Statens vegvesen hadde kontroll på Nordfjordeid.   Foto: ARKIV

Nyhende

Statens vegvesen hadde måndag morgon og ettermiddag kontroll på Nordfjordeid der 27 køyretøy vart kontrollert, medan 42 køyretøy var inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen var totalt tre køyretøy for tunge, og måtte difor laste av til lovleg vekt før vidare køyring. Alle 27 køyretøya som vart kontrollert vart vege, men ingen fekk gebyr for overlast.

Ein lastebil fekk derimot mangel då underkøyringshinderet bak på køyretøyet ikkje var etter krava. I tillegg fekk ein varebil mangellapp grunna mangel på fleire hjulboltar.

– Det er svært viktig at bileigarar som skiftar dekk sjølve passar på å etterstramme hjulboltane etter nokre kilometer køyring slik at boltar og hjul ikkje ramlar av under fart, oppmodar Startens vegvesen etter kontrollen på Nordfjordeid.